Fin komposisjon, som er ryddig trass i at det er mange element. Harmoniske fargar, fint lys og god balanse i motivet. Augekontakt med fuglen og fin positur!
Dramatisk, men roleg komposisjon. Du blir dratt ned mot vatnet. Snøen kan også minne om eit timeglass. Som tittelen viser til er det noko som er i ferd med å skje.
Ordentleg vinterstemning! Dei tre figurane speglar trekant-forma til taket. Lengs til høgre ser me eit lite skilt: Er dei nett komne fram, eller skal dei til å legga ut på tur?