view: elements/_bootstrap_header_css.php
view: menus/_default.php

Resultat: "2023-01-16-Former i naturen" - Ukens bilde 2023

Juryoppsummering
Stor variasjon i motiv, kreative innslag og humoristiske innslag. Mange hadde fine telemarknedslag, medan andre landa litt meir på kulen. Slik vil et alltid vere. Og som vi veit vil ulike juryar alltid ha litt ulikt syn på kvar kulen ligg. I dag er det mitt syn som gjeld!
1
Former i naturen
1. plass Id:191
Fotograf: Espen Dahl
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Det er ikkje fasit på bilete - litt ulik smak og behag mellom ulike juryar. Og til og med ein og same jury kan endre meining. Dette biletet følte eg var 3.pr ved første gjennomgang. Så blei det etter kvart 2.pr, og så til slutt 1.pr! Reint, enkelt, stemningsfullt og litt andreleis. Det er ikkje eit direkte vakkert tre men det har sjel og vitnar om "levd liv" og det stiller mange spørsmål. Er det stort eller lite, er det stormen som har kvesta det eller er det ein elg? Spennande med det store buskaset nede, ein liten kvast oppe på greinene som strekkjer seg opp til venstre og ein endå mindre kvast ut til høgre.Eit bilete eg likte godt! Gratulerer med Ukens bilde!
2
Vinterløv
2. plass Id:202
Fotograf: Tor Erik Pedersen
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flotte former og struktur. Enkelt og reint. 2.pr!
3
Trekant & sirkel
2. plass Id:178
Fotograf: Martin Stegemann
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Eit bilete som utmerkar seg - kropp mot fjell - mjuke former mot harde former. Pga orginalitet og spennande former kjempa dette så absolutt om 1.pr. Hadde det vore justert litt andreleis så hadde det gjerne fått det. Eg synest det blir litt stor lys flate på høgre sida. Eg ville ha mørkna den ned ein del slik at det blei meir kontrast mellom kropp og fjell. Det hadde heller ikkje skada med meir struktur og liv i den flata (slik som på den venstre sida). Kanskje kunne ein kutta litt på høgre sida også.
4
Marylin Monroe-soppen
3. plass Id:249
Fotograf: Borgny Helnes
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Marylin Monroe har fine former både i kropp og skjørt.
5
former i naturen
3. plass Id:244
Fotograf: Tone Kråkenes
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Delikat og stemningsfullt bilete av ein blomst. Lavmælt. Sarte, fine kurver på stengelen. Ein god 3.pr.
6
Form i natur
3. plass Id:245
Fotograf: Rune Bergsvendsen
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flott skulptur i forgrunnen og nydelege former på greinene på trea i bakgrunnen som spelar på lag. Det er tydelegvis ein print som er avfotografert noko som overflata avslørar. På same tid er det litt rufsete uttrykket med på å forsterke den trolske stemninga. Den kvite råma distraherar litt.
7
Trollkjerring
3. plass Id:242
Fotograf: Marianne Gjørv
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Trolske former i trollskogen - litt Kittelsen over det! Den lutande gygra i front har flott form og treklynga bak står fint og dannar ein god komposisjon. Men teknisk sett ikkje optimalt at gygra er så utbrent på herdane. Ikkje lett å lyssette med hodelykt. Tøft med snøstripene i lyset frå lykta. Kunne ha blitt knall om det ikkje var utbrent og med den rette bildebehandlinga. Men uansett, med så trolske former trumfar formene det tekniske for meg her! 3.pr.
8
Former i naturen
3. plass Id:241
Fotograf: Nicolaas Kuipers
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Kuuul positur! Flotte kurver i kroppen. Ser ut som at ho er i ferd med å ta ei skikkeleg kuvending og kuttar svingane der ute på kulturbeitet. Kanskje bonden ikkje har kustus på henne? Kuult bilete!
9
Former i naturen
3. plass Id:227
Fotograf: Gunnar Otterbech
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flotte bølger og former. Delikat med den lave kontrasten og det grå uttrykket. Fin 3.pr.
10
vinger
3. plass Id:214
Fotograf: Bjørn Lindgren
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Fantastisk fin historie, ein flott augneblink som er fanga her. Blei litt blenda av dette - tenkte først at det er nettopp det som dominerer og gjer biletet, at form er underordna, men forma blir ikkje dårlegare for det. Her er faktisk veldig flotte former i dette biletet. Ein flott symmetri med vengane ut på begge sider. I tillegg dei to vengane som stikk opp i midten og er symmetriske for seg. Ein vel fortent 3.pr!
11
Bird of leaves
3. plass Id:209
Fotograf: Mona Myklebust
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Spennande form og struktur. Stemningsfullt! Ein sterk 3.pr.
12
Fanal
3. plass Id:208
Fotograf: Alena Bakkan
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flott skoddestemning med fine former på trea. Rein og fin komposisjon.
13
Spiders web in the morning
3. plass Id:204
Fotograf: Gry Cecilie Spro
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flott motlys i spindelveven. Flotte kontrastar. Likte at ein ser gjennom denne gluggen med den svarte innramminga. Dette beskriv eit miljø og såleis fortel dette biletet meir enn om det berre hadde vore bilete av eit fint spindelvev. Det set fantasien i sving. Kanskje eit forlatt og forfalt småbruk langt inne i skogen?
14
Moenster i fjaera
3. plass Id:198
Fotograf: Walter Dragland
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flotte former og mønster både i sanden på land og i bårene på vatnet. Fint med kontrasten i størrelse mellom desse to mønstera.
15
Ringstindene
3. plass Id:195
Fotograf: Unni Lian
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Fint landskap med skodde rundt fjella. Snøbreen er viktig element med ei fin form. Skya til høgre på himmelen har ei form som er litt beslekta med forma på breen. Kunne ha skapt endå meir dramatikk igjennom bildebehandlinga.
16
Morgenstemning ved Sognsvann
3. plass Id:187
Fotograf: Geir Kjærstad
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flotte lyskvalitetar med fargar, retning og kontrast som modellerar trestammane på ein fin måte. Spennande og effektfullt med slik vertikal panoreringseffekt. Eg ville ha kutta bort litt på begge sider og konsentrert det litt. Kanskje eit kvadratisk format. Det hadde forsterka komposisjonen i mine auge.
17
Nissedal
3. plass Id:180
Fotograf: Vebjørn Svare
Konkurranse: Ukens bilde 2023
Flott lys og kontrastar. Lyset modellerar fjellet. Fin komposisjon. Skulle likevel gjerne sett meir form for at det skulle kome høgare. Men ein hederlig 3.pr.
view: common/credit_footer.php
Photojury er utviklet av Geir Arnesen, v2.0 - 07e1c470
view: elements/_bootstrap_footer_js.php