Tema: GOD JUL? Mine kriterier for at eit bilete skal tilfredstille dette tema på ein god måte er:
1) Ein må sjå at biletet har med jul å gjere! Det held ikkje at det kunne ha vore jul.
2) Spørsmålsteiknet er ein viktig del av temabeskrivelsen. God jul eller ikkje? Det kan slå begge vegar, men sidan God Jul vanlegvis er med positivt forteikn tenkjer eg at her er det ein fordel om biletet si forteljing hellar mot noko negativt i folk flest sine auge sidan ein stiller spørsmålsteikn ved den gode jula.
3) I tillegg, uavhengig av tema og forteljing, er det sjølvsagt gunstig at biletet har visuelle kvalitetar (komposisjon/lys osv) og er eit likandes bilete.
Med desse tre kriteria lagt til grunn for juryeringa føler eg at premieringa gav seg sjølv så godt som "objektivt" sjølv om den alltid vil vere subjektiv!
Bileta som dessverre ikkje nådde opp denne gang har då i større eller mindre grad feila på eit eller fleire av desse kriteria.