Kva er badeliv i mine auge? Kvalifiserer det til tema berre det at eit eller anna skjer i tilknytning til vatn? Kanskje, kanskje ikkje. Uavhengig av motiv så spelar sjølvsagt komposisjon, lys og kreative løysingar viktige roller i totalvurderinga mi. Men innhaldet - BADELIVET - direkte eller indirekte, gjerne gjennom antydningens kunst, MÅ vere på plass! Sjølv om eit bilete har mange kvalitetar og får mange godord i mine kommentarar så er det likevel ikkje gitt at det blir premiert sidan det berre er 1/3 av alle bileta som skal ha premie.