view: elements/_bootstrap_header_css.php
view: menus/_default.php

Resultat: "2025-01-06 Vel overstått!" - Ukens bilde 2025

Juryoppsummering
Mine kriterier som jury for at eit bilete skal hevde seg i konkurransen er: 1) Det må sjølvsagt passe til tema. Nærmare bestemt bør ein som betraktar kunne tenkje "vel overstått!!" sjølv om ein ikke nødvendigvis visste at dette var tema. 2) Uavhengig av tema bør det vere eit visuelt spennande bilete der forteljinga er god og komposisjon og lys fungerar! Kreative vinklingar skadar heller ikkje, og humor likeså. Dei bileta som då ikkje nådde opp i konkurransen denne gang har då i mine auge ikke skåra bra nok på desse punkta sett opp mot dei som kom på premielista.
1
Vel overstått
1. plass Id:4502
Fotograf: Tori Tollefsen
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Reint, fint og visuelt - flott komposisjon. Arkitekturen i lag med personen med trillekufferten antydar ein flyplass og ein som har vore på reise - ei reise som no er ved sin ende - snart heime. Ja personen går mot høgre og dermed på veg heim. Vel overstått og vel blåst - Ukens bilde! ????
2
Gravlund
2. plass Id:4516
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Dødsbra forteljing her! Kva er vel meir meir "vel overstått" enn enn eit heilt liv, og her er det til overmål mange av dei. Elles reint og fint der det store treet står fram som ein skulptur i komposisjonen og samstundes breier sine beskyttende greiner over alle som kviler under.
3
2025-01-06 Tøff morgenstund
2. plass Id:4525
Fotograf: Einar Willassen
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Likte komposisjon, lys og historie. Reint og fint! Vel overstått, kanskje litt for vel faktisk! Ein god 2.premie!
4
Vel overstått i Toscana
3. plass Id:4477
Fotograf: Nicolaas Kuipers
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Åpenbart Vel overstått. Festen er over ....... eller kanskje ikkje? Uansett ser det Vel overstått ut så langt! Dei uskarpe bevegelsane forsterker følelsen av Vel overstått. Lys og fargar forsterkar stemninga.
5
Veldig vel overstått
3. plass Id:4545
Fotograf: Maria Tatsi
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Juletreet har gjort sitt - Jula er Vel overstått - ingen tvil! Julefargar, reint og enkelt.
6
Overstått nyttårsbad
3. plass Id:4483
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Isbadet er unnagjort - Vel overstått! Enkelt og reint, fin augneblink som er fanga.
7
Sølvguttene takker for seg
3. plass Id:4484
Fotograf: Knut Hovind
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Jobben er gjort. Kanskje dei var spente og nervøse, men no er framføringa Vel overstått.
8
Vel overstått!
3. plass Id:4539
Fotograf: Stefan Törnqvist
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Skal ikkje insinuere noko vel overstått one-night stand etter festen her, men får følelsen av ein som traskar heim litt ut på dagen derpå. Kleda og posituren, ganglaget og armen gjev denne følelsen. Han ser tilfreds ut, som om eit eller anna vellukka er lagt bak seg - Vel overstått! Hadde ikke skada om bakgrunnen hadde vore meir ute av fokus, mange element og detaljar der bak, men heile kroppen frå skuldrane og ned står reint fram mot bakgrunnen utan å overlappe andre forstyrrande element. Personen blir såleis eit endå tydelegare hovedelement i forteljinga.
9
The Champ
3. plass Id:4493
Fotograf: Olav Helland
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Kampen er vunnen - Vel overstått! Vinnaren står reint og fint fram mot bakgrunnen.
10
Brrr!!
3. plass Id:4494
Fotograf: Gro Sæteren
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Uavhengig av tema eit spennande bilete både innhaldsmessig og visuelt, komposisjon, uttrykk, stemning. I tillegg føler eg at det passar inn på tema sjølv om ein ikke heilt veit kva som er Vel overstått, men eit eller anna er det.
11
Pust i bakken
3. plass Id:4535
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Ein god og velfortent pust i bakken. Veit ikke heilt kva som er vel overstått, men eit eller anna må det være i følge kroppsspråket på den godslege bamsen. Fin stemning i lyset bakover i gata.
12
ho-ho
3. plass Id:4532
Fotograf: Petter Abrahamsen
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Julenissen takkar for seg for denne gang - Vel overstått! Visuelt reint og enkelt der snøfluksene i lufta krydrar biletet på ein fin måte.
13
Vel overstått
3. plass Id:4514
Fotograf: Anne Westad
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Rein og fin komposisjon. Og jula er tydelegvis Vel overstått.
14
Vel Overstått
3. plass Id:4515
Fotograf: Tor Erik Pedersen
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Festen er over - Vel overstått. Fargerikt, enkelt og greit.
15
Godt gjort.
3. plass Id:4529
Fotograf: Dariusz Kieres
Konkurranse: Ukens bilde 2025
Runde: 2025-01-06 Vel overstått!
Er på sett og vis meir understått enn overstått her med tanke på vassflata, eller kanskje undersått. Men likevel, personen har hoppa i det og kanskje det sat langt inne sjølv om det ser ut som at badet foregår under varme himmelstrøk - Vel overstått. Men biletet er visuelt spennande, komposisjon og farge fungerer fint og den rette augneblinken er fanga!
view: common/credit_footer.php
Photojury er utviklet av Geir Arnesen, v2.0 - 0ec18087
view: elements/_bootstrap_footer_js.php